Utskrift

Næringsprosjekt Nasjonal turistveg Ryfylke

Dette prosjektet er no avslutta, og sluttrapporten kan du lese viss du følgjer denne lenka (PDF).

SvandalsfossenNasjonal turistveg Ryfylke vart opna i 2011, og strekninga går frå Oanes i sør til Røldal i nord.

For at kommunane langs vegen skulle få mest muleg ut av turistvegen vart det sett i verk eit prosjekt for å styrke næringsutviklinga langs vegen. Dette prosjektet gjekk til og med juni 2011. Eva Kristin Aune var prosjektleiar.

Næringsprosjektet var organisert i Ryfylke iks, og partar i prosjektet var kommunane langs vegen, Fylkesmannen si landbruksavdeling og Rogaland og Hordaland fylkeskommunar. I tillegg forplikta Statens vegvesen seg til å gå inn med midlar i dei åra prosjektet gjekk.  

Prosjektet hadde desse fokusområda:

  • Nærinsutvikling og mat
  • Kulturlandskap
  • Arealforvaltning
  • Skilt/informasjon

 

Kva er Nasjonal turistveg?

Nasjonal turistveg er eit landsomfattande reiselivsanlegg, som består av 18 vegstrekningar frå Jæren i sør til Varanger i nord. I 2012 skal alle vegane vere opna, men sjølve reiselivsanlegget skal vidareutviklas fram mot 2020. Dette reiselivsanlegget skal stimulere vegfarande turistar både frå utlandet og eige land til å nytte Noreg som sitt feriemål, og gjennom dette styrke næringsgrunnlaget, ikkje minst i distrikta.

Prosjektet gir Ryfylke ein unik muligheit til å vere ein del av ein felles merkevare og logo som vert tungt marknadsført og profilert nasjonalt og internasjonalt.

Det er Statens vegvesen som har fått i oppdrag av Stortinget å utvikle Nasjonal turistvegar. 

Meir informasjon om dei enkelte turistvegstrekningane ligg på www.turistveg.no


Bilde av Svandalsfossen: Profil Produkter AS