Artiklar

Utskrift

Kringlefest i Ryfylke 20.juni

 

20.juni 2011 oppfordrer vi alle i Ryfylke til å bli med å markere Nasjonal turistveg Ryfylke med KRINGLEFEST.

Har du flagg, oppfordrer vi deg til å flagge denne dagen!

Det vert markeringar på Oanes, Jørpeland, Årdal, Ingvaldstad, Sauda, Suldal og hovudmarkering på Sande på Hjelmeland. Alle oppfordres til å få med seg det som skjer - enten ved å sykle eller kjøre turistvegen denne dagen. Dei som sykler vil få utdelt refleksvestar med Ryfylkelogo og Nasjonal turistveg Ryfylke på - for at desse skal kunne sykle tryggare langs vegen.  

Er du ingen syklist, men har lyst til å ta fram bilen, motorsykkelen eller eit anna framkomstmiddel er du også hjarteleg velkomen! Det er også satt opp buss fra Oanes og frå Sauda som tar på passasjerer på Jørpeland og i Årdal, og i Suldal. Bussen er gratis for passasjerene.

Påmelding for buss til:

Sauda/Suldal innan 16.juni : tlf. 52 78 62 00

Forsand/Strand/Hjelmeland innan 14. juni : Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.   tlf. 95200841

Du får smake på turistvegkringla, kaffi og saft, og det vert underhaldning undervegs.

På hovudmarkeringa på Sande/Hjelmeland vert det underhaldning med  Rygjaljom, Silje Vige, Anne Elisabeth Skogen, Nils Kristen Herheim og Ryfylke visegruppe.

 

Les meir i programmet for dagen.