Artiklar

Utskrift

Turistvegkringla

Kringle med mandelfyll og heile tyttebær

Ryfylke si eiga turistvegkringle er laga av Ryfylke bakeri og konditori ved Gunvor Fiskå. Gunvor tok utfordringa på strak arm da ho vart spurt om ho ville lage ei eiga turistvegkringle, og etter å ha prøvesmakt den, kan prosjektleiar Eva Kristin Aune anbefale den på det sterkaste. Kringla er å få kjøpt i utsala sjå Ryfylke bakeri og konditori, og vert også utdelt i samband med Markeringa av Nasjonal turistveg Ryfylke 20.juni.