Ein attraktiv region der folk vil bu og arbeide

Ryfylke skal vere ein region der folk vil flytte til, bedrifter vil etablera seg, og optimisme pregar kvardagen.
Logoen til dei fem Ryfylke-kommunane. Logo.
Fotocollage av unge personar i arbeid.

Ungdommane inviterer. Blir bedrifta di med?

22. mars 2027 er det klart for RyRekrutt på Fiskepiren i Stavanger! Ungdomsstyret i Ryfylke har vore med på å forma festen, og ønsket er tydeleg: Mindre yrkesmesse, meir sosialt. Her får bedrifta di høve til å møta unge ryfylkingar, skapa nye relasjonar og visa fram moglegheitene i regionen.
Les meir
POV: Heile gjenger er heime til påske, og nokon har faktisk lagt planar
Collage av unge mennesker i ulike jobber.

Nytt trainee-program

Trainee Ryfylke er eit program som koplar nyutdanna med arbeidsgivarar i regionen. Gjennom eitt år i ei relevant bedrift får traineen verdifull erfaring og nettverk. Samtidig får verksemder tilgang til ny kompetanse og moglegheita til å rekruttere.
Les meir

Gratis ungdomskort i Ryfylke

Frå 1. september 2024 kan ungdom mellom 15 og 22 år som bur i Ryfylke-kommunane Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand og Forsanddelen av Sandnes reise gratis med kollektivtransport.

Du kjøper sjølv U23-billetten og søkjer om tilbakebetaling i etterkant gjennom eit elektronisk skjema.

Les meir
Ung person ser på mobil

Nyheiter frå Ryfylke IKS

Har de vurdert trainee? No er tida inne for å ta ein prat!

Har verksemda di behov for ny kompetanse og friske perspektiv? Gjennom Trainee Ryfylke kan de tilsetja ein nyutdanna som bidreg i verksemda, og samtidig tilby eit regionalt utviklingsprogram med fagleg påfyll og nettverk. Det er framleis mogleg å bli med, og de treng ikkje ha alle svara klare før de…

Les meir
Portrettbilde

– Ryfylke IKS må våga å ta større plass

Ryfylke IKS må utfordra etablerte tankesett og ta ei tydelegare rolle i utviklinga av regionen. Det meiner dagleg leiar Ingrid Roth, som har store ambisjonar for framtida til Ryfylke.

Les meir
Deltakarar KI+MI

KI-verktøya er her. Har verksemda ein plan?

Nesodden kommune kartla nær 90 arbeidsprosessar før dei valde kvar dei skulle satsa. Kva bør di verksemd prioritera? Eit nytt leiarprogram i Ryfylke skal hjelpa leiarar og nøkkelpersonar med å setja retning for KI-arbeidet og byggja sitt eige vegkart.

Les meir
Ryfylke IKS. Logo

Samarbeid for vekst i Ryfylke

Ryfylke IKS er eit interkommunalt selskap eigd av kommunane Suldal, Hjelmeland, Strand, Sauda og Sandnes (Forsand). Vi jobbar for å skape fleire arbeidsplassar, møte kompetansebehov og drive næringsutvikling i regionen, slik at Ryfylke blir ein attraktiv region der folk ønsker å bu og arbeide.

Prioriterte satsingar

Ryfylke IKS skal vere bindeleddet mellom eigarkommunane, og sørge for effektivt samarbeid om næringsutvikling, rekruttering og mobilitet for å styrke heile Ryfylkeregionen. I Strategi 2026–2031 har me tre prioriterte satsingar.

Næringsarbeid

Ryfylke IKS skal styrke grunnlaget for vekst og utvikling ved å sikre betre tilgang på næringsareal, straum og infrastruktur.

Ikon N

Mobilitet

Ryfylke IKS skal vere ein pådrivar for framtidsretta løysingar som gjer det enklare, tryggare og meir effektivt å reise både internt i regionen og ut mot større marknader.

Ikon M

Rekruttering

Ryfylke IKS skal jobbe for betre tilgang på kompetanse og arbeidskraft i sentrale bransjar og skape attraktive rammer som gjer at fleire unge og familiar vel å bu i Ryfylke.

Ikon R